mandag 23. desember 2013

Shabe Yalda

Sola har snudd, og jula står for døra. På denne mørkasteste tida av året kan det passa med nokre refleksjonar eg skreiv i 2007 om lyset, sola, det nye året, og at jula kanskje kjem frå den iranske høgtida Shabe Yalda:


Dette er ei tid på året då lyset står i sentrum. Vi feirar advent, med adventslys, adventsstjerne og lysestakar med sju armar og meir, lys på taket og lys ute i trær og buskar, på gjerder og hus. Vi fyrer gjerne i peisen og på Luciadagen går lyshåra jenter med lyskroner på hovet. Så kjem jula med juletreet pynte med lys på og stjerne i toppen, og med levande lys på bordet, og til slutt kjem Nyttår med rakettar, faklar og stjerneskudd – i ein eksplosjon av lys og fargar.


SAMME OPPRINNELSE: Det er selvfølgelig ingen tilfeldighet at alt dette kjem samtidig og på den mørkaste tida av året. For alt handlar om det same, at sola snur og lyset vender tilbake. Og alt ser ut til å ha sin opprinnelse frå denne dagen då dette skjer, nemlig solsnudagen. I år [2007] snur sola altså den 22 desember, mens Luciadagen blir feira den 13. desember. Det ser ikkje ut til å passa. Men i den julianske kalendaren skal dette faktisk ha vore den lengste natta i året påstår wikipedia. Eg får ikkje dette heilt til å stemma, og somme stader står det at folk meinte at dette var den lengste natta, og det er kanskje meir korrekt. Men når det gjeld datoen for jul (24/25 desember) så er det lettare å knyta til solsnu, sidan solsnudagen fall på, eller rundt denne datoen i den gamle romerske kalendaren. (Les meir

TILBAKE TIL PERSIA: Når ein les om julens kulturelle røter blir det ofte vist til den gamle nordiske og eller keltiske joletradisjonane, og til dei gamle romerske saturnaliene og feiringane for Sol Invictus. Men juletradisjonane er endå eldre enn det. Fremdeles feirar iranarar ein urgammal festdag dei kaller Shabe Yalda. Dette er ein tradisjon som kjem frå det gamle persiske riket. Yalda er eit syrisk ord som betyr fødsel. Høgtida Shabe Yalda, også kalt Shabe Cheleh, blir feira ved vintersolverv, på årets lengste natt. Då samlast familie og venner og kanskje nokre naboer og sit saman til seint på natt med sang og dans og musikk. Dei har gjerne ein to-tre retters middag, med nøtter, kaker og masse frukt.

Denne persiske høgtida skal ha sin opprinnelse i Babylonske tradisjoner som vart inkorporert i den Zoroastriske religionen. Den siste dagen i den persiske måneden Azar er den lengste natta i året då Ahrimans krefter er på sitt høgaste. Den neste månaden tilhøyrer Ahura Mazda, visdommens gud. Den første dagen brente ein bål, festa og tilba fleire ulike guder, og ein ba bøner for å sikra nok sol til avlingen. Ein ba gjerne også til Mithras. 

JULETREET: I følge somme kjelder skal dei gamle iranarane ha feira Yalda ved å dekorera eit eviggrønt tre, det såkalte Sarve (en sypress) Det var rakt og motstandsdyktig mot kulde og derfor syntes dei det passa som symbol for Mithras. Unge jenter skal også symbolsk ha pakka sine ynskjer inn i fargerike silkeklutar som dei hengte opp på treet som eit offer til Mithras. Og slik meiner nokre at tradisjonen om juletreet kan ha oppstått.

Eit av temaene for festlighetene var opphevelsen av den normale samfunnsordenen. Sidan ein meinte at den første skapelsen var orden som blei skapt av kaos, blei skapelsen hedra ved at uorden og kaos skulle regjera i ein dag før orden kunne venda tilbake. Då bytte mesteren og slaven rollar, og en liksomkonge blei krona i staden for den verkelige kongen.

ANDRE SOLSNUFESTAR: I dei fleste antikke kulturar hadde ein liknande feiringar på årets mørkaste dag, sidan den markerte at sola vart gjenfødt og lyset vant over mørket. Egyptarane hadde ein festival på tolv dager då dei dekorerte med grønt og brukte palmer med 12 skudd som symbol på det gamle året. Dei egyptiske og persiske tradisjonane smelta saman i antikkens Roma i Saturnaliene. Romarane utveksla gaver, festa og dekorerte heimane sine i grønt. På denne tida skulle det ikke krigast, og akkurat som i persia blei forholdet mellom høg og lav bytta om. Det var også maskerader og alle slags forlystelser.

Ein annan romersk festvial var dedikert til Sol Invictus – den uovervinnelige Sol, og blei feira den 25 desember. Seinere blei denne dagen valgt til å være fødselsdagen til Jesus. Dette er ikkje noko vi behøver å krangla om, sidan den Jesus som kristendommen feirar er ein mytologisert og symbolsk skapelse som ikkje har mykje med den historiske personen å gjera. Derfor er det ingenting i veien for å feira denne symbolske Jesus (som jo også blir kalla verdens lys) på denne dagen. I Roma var tittelen Sol Invictus tilkjent mange gudar, blant disse Mithras (Mithra , Mitra). Riktignok er det ikkje enighet om den romerske Mithras var ein ny gud, eller om han var ein videreutvikling av den persiske, men sannsynligheten for ein påvirkning derifrå er stor. 

Om ein skal peike ein stad der jula kjem frå, kan ein altså godt peika på Iran. Derfor helsar eg alle i dag: God Shabe Yalda – God solsnu!