søndag 13. februar 2011

Så fast eit fjell

Den romersk-katolske kyrkja har gjennom heile historien sin sagt at den er bygd på fjell, dvs at Peter var den første paven i Roma og at alle dei andre er pavane er hans etterfølgjarar. Den hevdar også at Peterskyrkja er bygd over Peters grav. Men kor fast er dette fjellet?


På innsida av kuppelen i Peterskyrkja i Roma står det å lesa "Tu es Petrus et super hanc petram aedificabo ecclesiam meam, et tibi dabo claves regni coelorum" Dette betyr "Du er Peter, og på denne klippe vil eg byggja Kyrkja mi (...)". Dette er eit latinsk ordspel fordi på latin betyr Petra fjell, klippe, dvs. det same som det greske ordet det kjem av nemlig Petros.
Ecclesiam er også eit gresk ord og betyr folkeforsamling. Det er derfor vanlig å seia at Jesus gav Peter oppdraget med å starta den første kristne menigheten. Han skal ha reist til Roma og der starta det som seinare vart den romersk-katolske kyrkja. Vi skal ikkje her ta opp debatten om dette er riktig, eller om Peter faktisk var i Roma (kanskje vi tar den seinare). Her skal vi konsentrera oss om ei anna tolking av den latinske innskripsjonen. For som vanlig fins det også ei bokstavtru fortolking, nemlig den at Peterskyrkja faktis er bygd oppå Peter, dvs. levningane av han.

I følge tradisjon skal Peter ha blitt korsfesta oppned av keisar Nero og gravlagt der Peterskyrkja står i dag. Tradisjonen peikar ut ein stad under alteret i Peterskyrkja som grava til Peters. Pave Pius XII tok i 1939 initiativet til omfattande utgravingar under Peterskyrkja og på eit juleprogram på radio kunne han den 23 desember 1950 stolt erklæra at "levningane av St. Peter har blitt identifisert på ein måte vi finn overbevisande."

Men kor overbevisande er dette for oss andre?

Bare ordbruken til Pius indikerer at saken var langt frå så klar som han prøvte å gi inntrykk av. La oss sjå litt nærare på kva som egentlig vart funne og korleis det vart undersøkt.
Under Peterskyrkja ligg det i dag i alt nitten pleksiglasbehaldarar med det som vart funne under utgravingane i 1939. Ti av dei viste seg å innehalda restar etter dyr som gris, geit og kylling. Ein boks inneheld restane av ei mus. Men dei åtte resterande inneheld menneskerestar, mellom anna 29 bitar av det som blir sagt å vera Peter sin hodeskalle. Problemet er bare at også katedralen til St. John Lateran også hevdar å ha denne skallen. Likevel er det disse boksane som i dag blir æra som Peters levningar.

Men i ein artikkel frå New York Times den 22 august1949 kunne ein Camille Cianfarra avsløra at vatikanets arkeologar hadde oppdaga endå eit av Peters skjelett, eit stykke bortanfor staden der pleksiglasboksane no befinn seg. Denne staden er det som blir kalla den "sanne grava til Peter". Det blir sagt at pave Pius XII skal ha oppbevart disse beina i sin private bolig i 14 år. I denne tida hadde hans personlige lege Dr. Galeazzi-Lisi og fleire andre "medisinske ekspertar" undersøkt dei. Dei var enige om at beina var etter ein kraftig mann som var mellom 60 og 70 år då han døydde. Men etter ein undersøkelse av Venerando Correnti viste det seg at "skjelettet" hadde fem leggbein! Etter kvart fann han ut at menneskerestane var av to menn og ei kvinne. Men også her var det ei mengde dyrerestar. I ettertid vart disse beinrestane frå Peters "sanne grav" stua bort i all stillhet.

Også måten utgravingane vart utført på, og funna vart behandla på er blitt kritisert. Mellom anna har det vore ført i marken at
  • heile utgravingen vart halde hemmelig i 10 år, og altså i 4 år etter andre verdenskrig.
  • utgravingane vart foretatt av Jesuittar.
  • kritiske lærde utanfrå kunne bare fekk sjå beinrestane på betingelse av at dei ikkje publiserte resultata.
Med andre ord, ikkje mykje å slå i bordet med. Men det fins likevel ein ting som kan tyda på at Peter kan ha blitt begrave her: Professor Margherita Guarducci, ekspert i latinsk og gresk epigrafikk, fann blant anna inskripsjonen "petr[os] en[i]" som ho tyda som: «Peter er her inne». Men dette er bestridt av andre. Avstanden mellom "en" og det som ser ut som ein "i" er så stor at nokre lærde har foreslått at det heller står "petr[os] en[dei]", som skal bety Peter er ikkje inne. Atter andre foreslår at det står "petr[o] [g]en[es]" som betyr "født av fjell", og i så fall kan dette vera ein referanse til guden Mithras.

Kva Peterskyrkja skjuler

Kva i all verda har Mithras med dette å gjera? Ein god del viser det seg! For det er andre og meir interessante ting enn gamle bein som skjuler seg under Peterskyrkja. På denne staden stod det nemlig før staden vart overtatt av dei kristne eit eller fleire hedenske tempel. Dette er jo ikkje noko særsyn for Peterskyrkja. Dei aller fleste kristne kyrkjene som vart bygd i dei første århundra vart bygd ovanpå gamle hedenske heilagdomar. På denne måten slo dei to floger i ein smekk. For det første fekk dei gratis byggematerialer, og for det andre - og dette var nok viktigast - så fekk dei fjerna det gamle. På same tida vart det jo også gjennomført forfølging av gnostikarar og hedningar. Men det var ikkje bare heilagdomane som vart stolne frå hedningane. Også ritane og mysteriene deira vart for ein stor del inkorporert i kristendomen. Og to av dei mysterie-kultane som har bidratt mest til kristendomen er kultane for Kybele / Attis og for Mithras. I den første tida var disse kultane sterke konkurrentar til kristendomen og då er det vel neppe tilfeldig at Peterskyrkja er bygd ovenpå tempel for begge desse kultane. 

No skulle ein tru at saken er lukka og oppklart. Men så viser det seg at tesen om at Kyrkja bokstaveleg talt er bygd på Peter kanskje kan bergast likevel. For det er mange som hevdar at ordet Peter kjem av det kaldeiske ordet Petér som betyr "fortolkar". Dette var visstnok tittelen til yppersteprestane for mange ulike sekter, og spesielt for Mithras-sekta! Så kanskje det er ein Mithrasprest som er begravd her?
Men no bevegar vi oss over i spekulasjonane. Og mens vi er der kan vi like godt ta med eit par ting til som er bemerkelsesverdige:
  • Paven blir sagt å ha arva tittelen sin frå den Mithraistiske høgstepresten! Han vart kalla Pater Patrum, noko som så vart Papa.
  • Paven sitt hodeplagg blir kalla mitra.
Tilfeldig eller ikkkje, meir skal det iallfall ikkje til før fanatiske kristne (protestantar) kallar pavestolen for satans trone.

Ligg det noko meir under?

Ein skulle tru at kristendomens fundament var så rotfast at det ikkje er nødvendig å fortia og fornekta at den er bygd ovenpå ei eller fleire hedenske kyrkje og at den har overtatt mange symboler og ord frå Mithraskulten og andre hedenske religionar? Kvifor er det då nødvendig å skjula denne forbindelsen? Ligg det endå meir begravd under Peterskyrkja?

Hvis vi ser konspirativt på dette, så kan det virka som at det var, og fremdeles er, imperativt for dei den romersk-katolske kyrkja å hindra folk i å nøsta vidare på Attis-Mithras-tråden. Det får oss til å undra på om kristendomen arva meir enn bare symboler? Vi veit at Attis og Mithras er ein av mange såkalte gudemenn som det florerte av rundt middelhavet og lenger aust. Dei har fått samlebegrepet Osiris-Dionysos, og dei har mange fellestrekk med Jesus. Alt for mange til at det kan vera tilfeldig. Dette er dynamitt under Peterskyrkja, for det betyr i såfall at Jesu biografi bare er eit påfunn, at den historiske Jesus aldri fans. Og i den samanhengen blir det uvesentlig om det er Peter sine bein kyrkja er bygd på eller ei.

Ingen kommentarer: