søndag 13. februar 2011

Jesus som Mithras-kopi

I året 304, bare 17 år før keisar Konstantin gjorde kristendomen til statsreligion i Roma, vart guden Mithras erklært for "imperiets beskyttar". Mithras var tilfeldigvis fødd den 25 desember, heldt seg med 12 disiplar og døpte folk som innvielse i religionen. Han innførte nattverd med brød og ein rusdrikk og han skal komma tilbake for å dømma levande og døde. Men dette er jo kjent stoff. Er det slik at Jesus bare er ein kopi av Mithras? Er kristendomen rett og slett ein vidareutvikling av Mithraismen?

Mithras er ein indoiransk guddom kjent frå bronsealderen og framover. Sjølv om somme hevdar at romarane bare lånte navnet hans og laga ein heilt ny religion, så er den vanlige versjonen at dei romerske soldatane tok denne kulten med seg heim. Mysteriekulten for Mithras spreidde seg veldig raskt gjennom romerriket i det første århundret, og på høgden av sin storhet var Mithras tilbedd 'frå svartehavets bredd til dei skotske fjell og til grensene mot den store Sahara-ørkenen' som ein Mithras-forskar uttrykkjer det. På slutten av det andre århundre vart keisar Commodus sjølv innnvia i mysteriene til Mithras, og alt skulle liggja til rette for ein vidare suksess. Men slik gjekk det ikkje: Kvifor vart det i staden kristendomen som gjekk av med seieren? Kvifor er ikkje vesten mithraisk i dag?

Kven var Mithras?

Mithras var ein omreisande mester som utførte mirakel. Han døydde og sto opp igjen, han vart kalla "verdens lys", "frelsar", "Guds son", "gjenløysar" og "Guds lam". Så mange likheter er det mellom Jesus og Mithras at det etter kvart vart pinlig for dei første kristne kyrkjefedrene. Frå tida til Justin Martyren og framover erklærte dei at Djevelen hadde plagiert kristendomen på forhånd for å leia mennesker på ville vegar. Tertullian skriv at
"Djevelen, som har som oppdrag å pervertera sannheten, etterliknar omstendighetene rundt dei heilage sakrament. Han døyper sine truande og lover syndsforlatelse frå dei heilage kjelder og derigjennom initierer han dei til religionen til Mithras. Slik feirar han kommunion og bring inn symbolet gjenoppstandelse. La oss derfor anerkjenna djevelens oppfinnsomhet, som kopierer bestemte ting frå det som er heilag."

Som eit lite artig sidesprang kan nevnast at Justin Martyren hadde vorte kristen fordi han kunne for lite matematikk til å bli opptatt i dei pytagoeiske og platoniske skulane, og at Tertullian seinare vart medlem av ei gruppe gnostikarar som var inspirert av ein tidligare prest for Attis!...
Manikearanee meinte faktisk at Mithras og Jesus var ein og same guddom, medan andre forklarte likhetane med at Jesus var den gjenfødte Mithras. Men Jesusmyten er ikkje ein rein kopi av Mithrasmyten, den er del av den samme strømning. For det var langt frå bare Mithras som likna på Jesus. Mykje av dei samme trekka finn vi hos feks. Osiris, Tammuz, Adonis, Balder, Attis, og Dionysus. Alle disse er "gudemenn" som skal ha døydd og stått opp igjen. Også mange klassiske heltar som Herkules, Perseus, og Theseus, skal vera søner av ei jomfru og ein guddommeleg far. Så dette er felles mytologisk stoff som Jesusmyten har tatt opp i seg. Men så har den også smelta saman med den jødiske Messiasmyten som vi kjenner frå det gamle testamentet. Akkurat korleis dette har skjedd veit ein ikkje, men det er jo eit lite hint at eit av viktigaste sentera for mithraisk filosofi var Tarsus, heimstaden til ein viss Paulus.

Kristendommens arv

Så langt om Mithras sjølv. Men det er ikkje vanskeleg å få auge på at også den kristne liturgien har arva ein god del frå Mithraismen. Eit døme er datoen for feiringa av Jesu fødsel, på. Paven og biskopane kallar seg "far" (pater) akkurat som dei Mithraiske prestane, til tross for at Jesus sitt uttalte forbud mot nettopp dette (Matteus 23:9). Pavens tittel Papa skal vera ein direkte arv frå den mithraiske ypperstepresten som vart kalla Pater Patrum. Paven bruker også same slags kappe, klesplagg og hyrdestav som den mithraiske heilage faderen bar. Og hodeplagget til paven kallast for Mitra.

Ein viktig symbol i Mithraismen var ein stør nøkkel, som kunne låse opp dei himmelske portane som dei dødes sjeler skulle sleppa inn gjennom. Det ser altså ut til at forestillingen om "himmelens nøklar" som etterfølgjarane til Peter hadde, ikkje stammar frå den palestinske Messias, men frå Mithras. Mithraistane hadde eit heilag måltid (Myazda) som var heilt i tråd med den katolske nattverden (Missa, eller Messe). Som dei kristne feira dei sonofferet til ein frelsar som sto opp igjen på ein sundag. Dei som trudde på Mithras vart belønna med evig liv. Liturgien inneheld mellom anna orda "Den som ikkje vil eta av lekamen min og drikka av blodet mitt, slik at kan bli eitt med meg og eg med han, skal ikkje kjenna frelsa."

Somme seier Mithras vart fødd av ei jomfru, medan andre seier han var fødd av eit fjell. (så kan du jo sjølv bestemma kva du synest er mest sannsynlig) I alle fall vart han tilbedt i ei hole, enten den no var naturlig eller kunstig. Dei tidligaste kristne meinte at Jesus også var fødd i ei hole, og dette blir av mange betrakta som ein vidareføring av dei mithraiske ideane. I same lyset ser dei Jesu ord: "Du er Peter, og på denne klippe vil eg byggja Kyrkja mi" som teikn på mithraisk påverknad. Det som er sikkert er, som eg skreiv om i forrige blogg, at Peterskyrkja i Roma er bygd ovenpå eit tempel til Mithras.

Mithraismens undergang

På mange måtar skjedde overgangen mellom mithraisme og kristendom nesten som då Televerket i sin tid endra navn til Telenor. Det var ein statseigd institusjon som fekk nytt navn og ny logo, og ikkje minst nye sjefar, men ellers var mykje ved det gamle! Ein vesentlig forskjell var det likevel. Televerkets kundar vart ikkje forfulgte om dei ikkje ville bli verande i den nye institusjonen, dei bare miste telefonen. Ernest Renan sa ein gong at "Hvis kristendommens framvekst var blitt hindra av ein eller annan dødelig sjukdom, ville verden ha blitt mithraisk." Men i verkeligheten var det jo mithraismen som vart ramma, og den dødelege sjukdommen var kristendommen. Og denne sjukdommen ramma alle hedningar. Dei hedenske tempela vart rasert, heilage skrifter brent, og hedningane sjølve vart forfulgt og til dels tekne livet av. I tillegg fans det ivrige skribentar som skreiv om historien og dei heilage skrifter slik at dei betre passa kartet.

Kristendommen er altså både symbolsk og bokstaveleg bygd på ruinane av dei gamle hedenske mysteriereligionane som vart undetrykt dels gjennom brutal makt, og dels gjennom propaganda. Men eit spørsmål gjenstår: hvis mithraismen og kristendommen var så like, koffor var alt dette egentlig nødvendig? Eit svar er kanskje at kristendomen var ein boktavtru religion. Medlemmene i menighetane måtte offentlig vedkjenna seg trua si, dei måtte la seg døypa, og framfor alt måtte dei vera lydige overfor biskopane. Dette passa betre for ei verdsmakt, enn eit virvar av mystiske kultar som hverken hadde ei nedskriven og fast lære eller eit profesjonelt presteskap, og som i praksis var meir eller mindre ustyrlige.

Ingen kommentarer: