torsdag 27. januar 2011

Riviera di Ulisse

Ein reiseberetning frå Terracina og kyststrekningen som byen ligg ved.

Omtrent ti mil sør for Roma ligg det som italienarane kallar for Riviera di Ulisse, altså Odyssevs-kysten. Navnet kjem av at Odyssevs etter den lokale tradisjonen skal ha havna her på sin tur tilbake frå krigen mot Troja. Denne kyststrekningen går frå San Felice Circeo til Gaeta. (Kart over området)
I Gaeta skal Odyssevs ha landa skipa sine for å ta inn vatn, men kom i kamp med dei fryktelige laistrygonarane, som i følge Odysseen knuste elleve av hans skip og slakta ned nesten heile mannskapet. Bare Odyssevs sjølv og mannskapet på flaggskipet hans slapp unna. I Circeo skal Odyssevs ha budd saman med trollkvinna Kirke, og derav navnet. Omtrent midt på Odyssevs-kysten ligg Terracina, der han skal ha begravd vennen sin Elpenor. Odyssevs historie er eit sagn, og det er mange andre teoriar om kor han verkeleg var, om det då er snev av verkeleghet i historien.

Men Odyssevs kyst er verkeleg og ein flott stad å tilbringa ein ferie. Her vi tilbrakte vi ni herlige dagar sommaren 2006 med utgangspunkt i Terracina. Terracina er ein badeby, men er likevel ikkje til kun for turistane. Den er ein levande italiensk by med kultur og lange tradisjonar. På ei høgde over byen ligg restane av tempelet Tempio di Giove Anxur som eg skal skriva meir om seinare. Herfrå er det flott utsikt i begge retningar. Det første bildet viser utsikten vestover mot Circeo. Dei som kjenner Odysseen vil kanskje innvenda at Kirke budde på ei øy. Men Circeo kan faktisk ha vore ei øy på Odyssevs si tid. Som bildet viser er området mellom Terracina eit sletteland med flotte badestrender, og denne sanden har elvane tatt med seg frå fjella Monti Lepini, og fylt ut heile den langstrakte pontinske sletta nord for Terracina. Opp av dette flate landskapet stikk Circeo opp som - nettopp - ei øy.
Circeo er ein del av ein nasjonalpark som strekk seg nordover mot byen Latina. Fremdeles fins det restar av den svære eikeskogen som ein gong dekka slettelandet. Dei lokale seier at Odyssevs skal ha budd med Kirke i ei hole, og holer er det rikelig nok av på Circeo. Bilde 2 viser ei av dei, Grotta delle Capre (geitehola), som ligg heilt nede ved sjøen. Bilde 3 er tatt like ved. Og at disse holene faktisk har vore bebudde viser arkeologiske funn, om enn mykje eldre enn Odyssevs. Dei har ma. funne ein hodeskalle frå ein Neanderthaler.

Bilde 4 viser dei såkalte kyklopiske murane, dvs murar som er bygd opp av svære tilhogde steinar utan mørtel. Slike murar er før-romerske og kan finnast mange stader langs middelhavet. Disse murane er del av ein slags festning, nesten på toppen av Circeo. Dimensjonane på steinane og utførelsen er imponerande. Også sjølve festningen var ganske stor. Du finn kart over den her, og punktet 4 er det eg har bilde frå. Klikkar du der får du faktisk opp eit som liknar mitt! Og hvis du er god i italiensk finn du eit forsøk på å forklara korleis den vart bygd her.  Frå toppen av Monte Circeo er det ein flott utsikt. Rett i sør kan du sjå dei pontinske øyane. Litt lenger mot aust kan den vesle øya Ventotene skimtast, og på klare dagar kan ein også sjå øya Ischia som ligg rett utanfor Napoli.

Bilde 5 viser utsikten mot aust i retning av Terracina, og bakanfor der kan vi skimta Gaeta og Sperlonga. Disse to byane likna på kvarandre. Begge er småbyar som ligg ute på et nes med gamle hus tett i tett. Men i Sperlonga ligg dei så tett at dei heng i hop med bare smale og delvis ovebygde smau mellom. Dei ligg oppe på toppen av ein liten høgde og er bygd slik for å letta forsvaret mot piratar og andre. Slike bakketoppbyar finn ein mange av lenger oppe i fjella. Elles er Odyssevs kyst er full av små tårn som også er bygd som forsvar, noko som fortel at ein gong har det vore mykje farligare å ferdast her enn i dag.
For oss nordmenn er Riviera di Ulisse ein fantastisk plass å reisa. Her kan du kombinera bading og rolig landsbyliv med utflukter oppover i fjella, eller dagsturar til Napoli og Pompeii som ligg i sør, eller Roma.

Ingen kommentarer: