torsdag 27. januar 2011

Nattens Dronning 1, 2 & 3

Dei fleste har sikkert høyrt om Nattens Dronning frå Mozarts opera Tryllefløyten. Ho som får helten Tamino til å reisa for å befri dottera hennar Pamina som blir halden som fange av den angivelig vonde trollmannen Sarastro. Men underveis får Tamino høyra at Sarastro tvert om er ein edel prest som har tatt Pamina til seg for å beskytta ho mot den dårlige innflytelsen frå Nattens Dronning. Det heile endar med at ho forsøkjer å ta Pamina tilbake, men så bryt et fryktelig uvær laus. Jorda opnar seg og Nattens Dronning styrtar i avgrunnen. Tilsynelatande ein enkel historie om det gode som seirar over det vonde. Men er det så enkelt? Kven er egentlig Nattens Dronning? Og er ho så ille som Sarastro påsto?

For å belysa disse spørsmåla skal vi ta ein liten omvei. For det er fleire Nattens dronninger. Vi skal sjå på to gudinner som tilsynelatande bare i navnet kan assosierast med Mozart sin Nattens Dronning, men som likevel kan gi oss innsikt i kven Nattens Dronning er, nemlig Lilit og Hekate.

1. Lilit


Denne plaketten, som er å finna på British Museum, er frå omkring år 1800 f.Kr. og har fått kallenavnet Nattens Dronning. Figuren er kanskje eit av aspekta til Ishtar, den mesopotanske gudinna for seksualitet og krig, eller også kan det vera søstera og rivalen hennar Ereshkigal som regjerer i underverda. Ein tredje mulighet er demonen Lilitu, kjent frå Bibelen som Lilit, og for oss er ho den mest interessante.
Ho er fleire stader under navnet Nattens Dronning. Og det rimar med at navnet Lilit skal bety "kvinnelig nattdemon" eller noko liknande. (sjølv om det ikkje er enighet derom). Ei middelalderkjelde referer til Lilit som Adams første kone. I den teksten blir det sagt at ho skal ha nekta å ha den passive rolle i seksualakten og forlet han av den grunn. Ho sa: "Eg vil ikkje liggja underst", og han svarte: "Eg vil ikkje liggja under deg, bare over deg. For du passar bare for å vera nederst mens eg skal vera den øvste. Då Lilith høyrde dette, tok ho bokstavelig talt av (ho kunne jo fly) og reiste til ein stad på kysten av rødehavet.

Og no skulle ein vel tru at Adam ganske fort angra seg. Og ganske riktig, han ba Gud om krisehjelp og det vart omgåande utrusta ein ekspedisjon med englar for å henta Lilit tilbake der ho høyrde heime. Men Lilit hadde fått smaken på det søte liv. Ho vart kjæreste med Samael og diverse andre bad-guys (dvs. demonar), og fekk mange barn - Lilin - med dei. Det var då englane Senoy, Sansenoy og Semangelof gjorde det som vel må kallast ein generaltabbe: dei trua Lilit med at dei kvar dag skulle drepa hundre av barna hennar hvis ho ikkje returnerte ASAP! Men Lilit sto på sitt og kontra med at ho i staden skulle drepa Adams etterkomarar, i all evighet. Eg vil tru at dette muligens var litt overdrive, men kva skulle herrane Senoy, Sansenoy og Semangelof egentlig sei då dei kom tomhendte tilbake?

Adam på sin side skaffa seg jo ei ny kone som var lydigare enn den forrige, men etter denne episoden har Lilit hatt ei heller lav stjerne. Folk har vore redde for at ho skal komma og ta ungane deira, eller føra til abort, og i middelalderen vart Lilit gjort til sjølve heksedronninga og Satans elskerinne. Ho er også omtalt som ei Succubi, ei som kjem om natta og fristar menn og som gir dei våte draumar. I bibelen (Jes: 34.14) er ho nevnt som ei som bur saman med ville hundar, raggete troll (!) og gribbar.

2. Hekate

I følge historien skapte Lilit seg om til ein slange og det var ho som freista Eva til å eta av kunnskapens tre. Slike slangegudinner fins det mange av i mytologien. Også Hekate er assosiert med ein slange, enten ved at ho har slangehove, eller at ho held ein slange. Dette er ein elfenbeisnplakett frå eit tempel for Artemis i Sparta frå det åttende århundre før kristus som viser henne som ei bevinga gudinne som held ein buktande slange i armen.

Hekate har tilknytning til månen, underverda og tilværelsens mørke sider, og Sappho har kalla denne gudinna for Nattens Dronning. I det antikke Hellas var ho den som overvåka dei tre store mysteriene fødsel, liv og død. Men det var ved barnefødslar ho særlig vart påkalla. Til tross for dette var ho også rekna som ein barnerøvar, slik som Lilit, og ho kunne forårsaka dødfødsel.

Hekate har også vore knytta til veikryss der tre veier møtest. Grekarane meinte at sjela skulle dømmast på ein stad der tre veier møtest. Ein vei førte til dei Elysiske sletter (den greske himmel), ein annan til Tartaros (det greske helvete) ein til Asfodelon (ein kjedelig plass som hverken var himmel eller helvete, mao, eit slags sosialdemokrati) Så alle kryss med tre veier var derfor både heilage og farlige.

Gudinner kjem ofte i form av trippelgudinner, enten som tre stykker i ei gruppe eller som tre aspekt av samme gudinne. Og Hekate er kanskje ei av dei mest trefoldige av alle. Som månegudinne har ho månens tre fasar ny, full og ne, og i tilknytning til dette kan ho også sjåast i tre ulike kvinnerolar som jomfru, mor (eller brud) og gammal kone. Men ho er også del av ein treenighet som det er fleire versjonar av. I Roma vart Hekate eit aspekt av gudinna Diana Triformis som var jaktgudinna Diana på jorda, Luna i himmelen og Hekate i underverda.

For meg er Hekate identisk med den Diana som vart dyrka i den heilage lunden i Nemi, og som eg kallar Nemetona. Ho har vore dyrka av (for det meste) kvinner i heilage lundar over heile Europa. Eg trur også at ho har samanheng med den Svarte Madonna og den keltiske månegudinna. Hekate har nok heilt frå dei eldste tider hatt ein fleirtydig natur, hverken god eller vond. Derfor har nok også vore eit lett mål for demonisering. Etter som tida gjekk vart ho svartare og svartare. I tidlig gresk mytologi var Hekate jomfrua i treenigheten. Det er først seinare ho vart den gamle kjerringa, slik ho blir framstilt av Shakespeare i Macbeth. Men alt hos grekarane vart dei mørkare aspekta framheva. Og parallelt med den jødekristne solgudens framvekst vart Hekate meir og meir ei heks og Satans medsamansvorne.

3. Nattens Dronning

Om Mozart eller librettisten Schikaneder har hatt Lilit eller Hekate i tankane då dei skreiv operaen Tryllefløyten er ikkje mulig å sei. Men det er ikkje umulig. Schikaneder var jo opprinneleg skuespelar og spesielt glad i Hamlet, og Hekate opptrer jo der. Nattens Dronning er tvetydig som Lilit og Hekate. Ho er ute etter hevn slik Lilit er, og ho er også ein barnerøvar, om enn noko mislykka som sådan. Nattens Dronning er ikkje ei trippelgudinne, men ho har tre kompanjongar i form av dei tre damene. Derfor minnar ho litt om Hekate i Macbeth som der ho er ei sjefsheks som opptrer med "the weird sisters" som assistentar. Ho blir ikkje direkte likna ein slange men i begynnelsen av operaen blir Tamino angripen av ein slange som av somme blir likna med den bibelske slangen. Så kanskje er det Dronninga sjølv i forkledning?

Nattens Dronning blir, akkurat som Lilit og Hekate, sagt å representera dei mørke månekreftene, mens Sarastro, den opplyste og innvidde, representerer dei lyse solkreftene. Så når Sarastro seirar blir dette utlagt som at fornuften og det opplyste vinn over følelsane. Orden vinn over kaos og lys over mørke. I ein tradisjonell tolking er den det godes seier over det vonde. I det ytre er Tryllefløyten ein slags barnevernssak. Kor skal barnet bu? Hos den tvilsomme mora eller hos den edle presten? Etter mykje krangel og munnbruk endar saken sjølsagt med at øvrigheten (barnevernet) representert ved presten får siste stikk.

Slik fortonar den seg for oss uinnvidde. Men for dei som reknar seg som innvidde, framfor alt frimurarar og teosofar, så er den full av djupare meining. Tamino må gå gjennom ein rekke prøvelsar for å bli ein opplyst og innvia. Frimurarane ser dette som ein parallell til sine egne innviingsritual, mens andre ser det som Taminos vei mot opplysning og innvielsen i den kosmiske visdom. Mulig det. Men for oss som ikkje dyrkar det esoteriske så blir dette uvesentlig støy. Om operaen er aldri så krydra med egyptisk mystikk og frimurersk symbolisme, så er og blir historien ganske banal hvis vi insisterer på Sarastro som den gode og Nattens Dronning som den vonde. Men med ein gong vi opnar opp for andre tolkingar, så blir det meir interessant.

Kan det vera at vi har blitt lurt to gonger? Først trur vi Nattens Dronning er god, så at ho er vond, men kanskje er ho god likevel? Eller kanskje noko midt i mellom? Tross alt har vi bare Sarastro sine egne ord (pluss hans medsamansvorne sin ord) for at Nattens Dronning er vond. Og det er jo ikkje så bra alt det Sarastro og gjengen steller med i tempelet sitt heller. Dei er mannssjåvinistisk nedlatande mot kvinner og kjem til og med med nedsetjande kommentarar til den mørkhuda Monostatos. Kan det vera at Mozart vil at vi skal vera forvirra? I alle fall synest moralen i historien å vera den at verden er ikkje så enkel som den ser ut, og at ingenting må tolkast som svart og kvitt.

Men uansett tolking er det eit faktum at Nattens Dronning er blitt framstilt som heilsvart. Om det er Mozart sjølv, Sarastro, eller tradisjonen i sin tolking som står bak dette, er forsåvidt likegyldig. Eg meiner at det kan tolkast som ein mannlig og eller kristelig demonisering av den sterke kvinna. Lilit, Hekate og Nattens Dronning er ein arketype for den frie og sterke kvinna som, når ho ikkje kunne utslettast, vart omforma til ei mørk og truande kraft som skulle fryktast og foraktast. Lilit var ei sterk kvinne som sjølv valgte å reisa frå Adam og paradiset. Dette var totalt uakseptabel for det jødiske patriarkatet, så Eva vart funnen opp - som skapt av ein mannlig gud frå ein mannekropp. Kloke koner vart utstøtt som hekser og Hekate vart transformert frå jomfru til overheks. Likeså vart Nattens Dronning fratatt dottera og kasta i avgrunnen.
Men Lilit har funne veien tilbake til vår kollektive bevissthet. Både kvinneaktivistar og wiccabevegelsen brukar henne som symbol på frihet og styrke. Og Hekate begynnar å få sin gudinnestatus tilbake.
No er det på tide at også Nattens Dronning blir rehabilitert. Kongen er død, leve dronninga!

Ingen kommentarer: