torsdag 27. januar 2011

Maria Nemetona

Maria Nemetona


Eg starta i forrige post ein morskapssak på vegne at det heilage gudebarnet som savna sitt opphav. I dag kjem eg med min egen kadidat. Den gudinna som kyrkja kallar Maria, og som mysteriekultane ma. dyrka som Isis, Artemis og Kybele finn vi spor av lenger nord. Ho er den europeiske skogsgudinna, gudinna for fruktbarhet og vokster. Ho vart kalla Diana frå Nemi, men eg har valgt å bruka det keltiske navnet: Guds mor heiter Nemetona. Med dette reknar eg morskapet for etablert, og saken avslutta for min del. Men andre kan jo alltid fabulera vidare!

Heilage skogar

I ein slokna vulkan, omtrent to og ei halv mil sør for Roma ligg den vakre innsjøen Lago di Nemi. Nede ved sjøens bredd der eikeskogen ein gong sto tett var det tidligare ein kult for den gudinna som romarane kalla Diana. Rituala vart haldne inne i ein lysning i skogen, og dette gav navnet til staden. Nemus betyr heilag skog / heilag lund. Denne kulten er eit eksempel på eit meir generelt fenomen. På den tida då menneska sine behov for ved og trevare var adskillig mindre enn no, var store deler av europa dekka av tett skog. Og vi finn vi eksempel på heilage skogar og tre frå mange stader. Dei eldste tyske helligdommane skal ha vore naturlige skogar. I Uppsala var det ein heilag lund der alle tre vart rekna som guddommelig. I Litauen vart eiketre tilbedd heilt fram til det fjortande århundre då landet vart kristna. Likeså finn vi mange eksempel på tilbedelse av tre i Hellas og ikkje minst Roma.

Nemeton

Blandt dei tre som har vore rekna som heilage finn vi ofte eiketreet. Mellom keltarane er det velkjent at druidane tilba eika, og i følge Websters dictionary kjem ordet druide kjem av deru-, eik eller tre og wid-, vita, vis. Og mens vi snakkar om keltiske ord: Det keltiske ordet for lund var llannerch, og av dette kjem ordet llann som betyr kyrkje. Eit anna ord var nemeton som er tydelig i slekt med det romerske ordet. Det tilsvarande irske ordet er fid-nemed. Frå heile europa er det mange stadnavn som inneheld ledd som liknar på nemeton. Eksempelvis Medionemeton i Sør-Skottland, Vernemeton i England, Nemetodurum i Frankrike, til Nemetobriga i Spania. Nevnast kan også Drunemeton i Tyrkia. Navnet er omtalt av Strabo og skal bety 'druidanes heilage lund'.

Nemetona

Det fins også eit gudinnenavn direkte avleda av Nemeton, nemlig Nemetona. Navnet er muligens også relatert til den irske gudinna Nemain (Nemhain). Ein heilagdom for Nemetona vart reist i Bath i England, der ho vart avbilda sitjande og saman med tre hettekledde figurar og ein vær Dei tre figurane representerer trippelgudinna, og væren er eit mannlig fruktbarhetssymbol. (Det vart feks. ofra værar i Kybele-kulten) Det er også funne inskripsjonar for henne fleire stader i Tyskland, men ellers er inskripsjonar for Nemetona skjeldne. Ein mulig tolking av det er at Nemetona ikkje er eit egennavn på gudinna, men ein slags tittel "ho som blir tilbedt i et nemeton" I så fall er det eit slags samlenavn for ulike gudinner som alltid vart tilbedd i slike heilage lundar. Det er i alle fall slik eg skal bruka navnet vidare.
Her kan det også bemerkast at det også fins ein gallisk mannlig gud ved navn Nemestrinus, dvs, guden frå den heilage lund. Han skal vera identisk med guden Mars. Mars skal i eldre tider ikkje ha vore ein krigsgud, men ein vegetasjonsgud, og dette rimar bra med at det er funne ein heilagdom for Mars Rigonemetis, "Mars Kongen av den heilage lunden" i Nettleham i England.

Nemetona i Italia

Det er lite kontroversielt at årsaken til at Roma tok Maria opp i den kristne himmel var press frå austkyrkja der det fans ein sterk tradisjon for dyrking av modergudinna. Men korleis Maria skulle komma til å bli dyrka* i nordeuropa i praksis heng nok meir saman med dei lokale tradisjonane.
Utanom Diana i Nemi er det mange andre italienske / romerske gudinner som har hatt sin kult inne i ein heilag lund. Dea Dia var ei tidleg romersk gudinne for korndyrking og jordbruk. Også ho hadde ei heilag lund ikkje langt frå Roma, Alernus er ei lite kjent gudinne, men Ovid seier at ho hadde ein lund i Roma nær Tiberen. Angitia eller Anguitina: var ei oskisk gudinne for healing og syster til Kirke. Ho skal ha hatt ein heilag lund ved Fuscinus-sjøen. Andre gudinner som eg har funne nevnt i forbindelse med slike lundar er Anna Perenna, Pales og Strenia.
Men det er Diana som er den viktigaste i denne samanhengen. Ovid beskriv feiringa av Diana slik: "I dalen ved Arricia [dvs. Nemi] er der eit vatn omgitt av mørke skogar som er halde heilag av religionen frå gamle tider. På et langt gjerde heng det mange stykker vevd stoff, og mange , og mange gaver gitt i takknemlighet til gudinna. Ofte kjem ei kvinne som har fått bønnesvar frå Diana, kront med ein blomekrans, gåande frå Roma med ein brennande fakkel.

I boka The Golden Bough skriv James Frazer: "Diana var ikkje bare ein beskyttar av ville dyr, herskarinne over skogen og åsane, over einslege glenner og syngjande elvar. [...] ho [fylte] bondens gård med frukt og høyrte bønene til kvinner i veer. I hennar heilage lund ved Nemi var ho, som vi har sett, spesielt tilbedd som gudinna for barnefødslar, som skjenka avkom til menn og kvinner. Slik kan Diana, på same måte som Artemis, som ho heile tida vart identifisert med, beskrivast som ei gudinne for naturen generelt, og for fruktbarhet spesielt."

Er Nemetona ei svart madonna?

På same måten har jomfru Maria blitt oppfatta som ei som kan hjelpa til med å helbreda sjukdommar, beskytta og hjelpa. Men er ikkje dette bare å gi eit kristent navn til ei gudinne som har funnest i vår kultur frå uminnelige tider? På nettstaden til Green Earth Foundation skriv Ralph Metzner:
"Den Svarte Jordgudinna har, uansett kva navn ho går under- inkludert den svarte Madonna, tradisjonelt alltid vorte oppfatta som støtte og hjelp for livets naturlige prosessar: lega sjuke, letta smerten ved fødsel, gi fruktbarhet, la mjølka strøyma, trøsta og veileda dei døande, hjelpa plantene veksa. Slik representerer ho stedigheten til den Store Gudinna gjennom ei tid der kultane til den patriarkalske himmelguden har dominert, og ho representerer stedigheten til Morgudinna gjennom framveksten av den kristne monoteismen"
Denne urgamle jordgudinna, som mange altså meiner vart tatt opp i kristendommen som den svarte Madonna, har også likhetstrekk med Nemetona. I Frankrike og Spania har det blitt oppdaga mange svarte madonnaer gøymt oppe i trer. Det kan derfor vera riktig, slik mange hevdar, at dette betyr at disse madonnaene representerer ei tregudinne eller skogsgudinne slik som vår Nemetona. I boka The Cult of the Black Virgin, skriv for eksempel forfattaren Ean Begg: "Igjen og igjen i historien til den svarte jomfru, blir ei statue funne i ein skog eller ein busk, eller oppdaga når dyr som dreg plogen nektar å gå over ein bestent stad." Statua blir gjerne tatt med til sognekyrkja, bare for mirakuløst å venda tilbake om natta til sin egen plass, der eit kapell så blir bygd for henne. Nesten uten unntak er kulten assosiert med naturfenomen, spesielt med healande vatn eller bemerkelsesverdige geografiske former. Romarane hadde overtatt mange av dei heilage stadene i den keltiske verda, som dei kristne seinare skulle kristna. Men stadens ånd forblir keltisk, og kviskrar fremdeles noko om opprinnelsen gjennom den den tlihøyrande kulten,

Konklusjon

For denne skribent ser det derfor ut til at det er ein lang og ubroten tradisjon for gudinnetilbedelse frå Lilleasia, gjennom Hellas og Italia og til det keltiske europa, og at dette i nord har ytra seg i form av dyrking av Nemetona i heilage lundar, og seinare som den svarte Madonna. Det er eit faktum at kristendommen har tatt opp i seg veldig mykje av dei før-kristne kultane og at gamle gudar og gudinner har smelta saman med Jesus og Maria. Og dette er religionens styrke. Svakheten er at den i dag stort sett fornektar dette slektskapet og for det meste har insistert på ein bokstavelig tolking av historiane om Jesus og Maria. Dette var i religionens barndom ein bevisst praksis. Ikkje-kristne vart forfulgte, avvikarar vart dømt som kjettarar og hekser. Hedenske tempel og kultstader vart rasert, og bokstavelig talt på ruinane vart det reist kyrkjer. Dei heilage tekstane vart brent, og derfor framstår kanskje mange av mysteriekultane seg meir 'mystiske' og hemmelige enn dei var. Derfor var det også lettare for kristendommen å fornekta sitt idehistoriske opphav.
Men no er det på høg tidå avslutta denne morskapssaken! Historien viser oss at historiane om Maria og Jesus er ein del av ein felles religiøs kulturtradisjon som er mytisk og som bare kan tolkast symbolsk allegorisk slik praksisen var i dei gamle mysteriereligionane. Hvis kristendommen kan vedstå seg sin arv vil den lettare kunna akseptera 'kjetterske' og 'hedenske' variantar både innanfor og utanfor kristendommen, og hvis den samtidig samtidig aksepterer sine idehistoriske slektningar vil det gjera det lettare å tilnærma seg Islam og andre religionar.

Ingen kommentarer: