torsdag 27. januar 2011

Ein reiseberetning frå NEMI

Hvis du har planar om å reise til Roma er det ingen dum ide å setja av ein dag til å dra ut av byen, spesielt hvis temperaturen kryp over 30 som det ofte gjer om sommaren. Det mest populære utfluktsmålet i dag er kanskje fjellbyen Tivoli og Hadrians villa som ligg like ved. Dette området var ein svært populær feriestad også for dei gamle romarane. Men vi valgte ein annan stad litt lenger sør som var like populær blandt romarane, men som kanskje ikkje er like kjent for dagens turistar, nemlig Albanerfjella som ligg 2 mil søraust for byen. Albanerfjella, eller Colli Albani, er ein ringforma fjellformasjon som er synlig fra Romas utkant. Ringformen kjem av at det er ei vulkankjegle, og innanfor denne ringen ligg dei to vulkansjøene Albanersjøen og Nemisjøen. Disse sjøene er egentlig calderaer, innstyrta krater, som no er fylt med vatn. Av disse to er sjøen Lago di Nemi den minste, men ikke den minst interessante!

Nemi

På kanten av krateret finn vi landsbyen Nemi som klorer seg fast. Om denne fortel Gyldendals Reiseguide om Italia stort sett bare at den er "berømt for sine jordbær", noko som jo er korrekt. Men staden har ein historie og ein atmosfære som skulle tilsei ein breiare omtale. Utsikten over sjøen er nydelig og vi anar korfor Lise Myhre har oppkalt tegneserieheltinna si etter denne staden. Og Lise er i godt selskap. Mange andre kunstnarar, som Byron, Goethe, Karen Blixen og H.C Andersen, har blitt forheksa av Nemi. Her oppe frå kan ein på klare netter sjå månen speila seg i den mørke ovale vannflata nedanfor, og ein kan forstå korfor sjøen også blir kalt Dianas speil. Frå landsbyen Nemi følgjer vi ein smal og svingete vei ned til flata i nordenden av den glitrande sjøen som er vårt mål.

Dianas helligdom

Når vi kjem ned finn vi slumrande gardar og plantasjar. Men ein gong for over 2000 år sidan var heile bredden av sjøen dekka av den samme skog som fremdeles kler dei bratte skråningene rundt sjøen. Nemi kjem av det latinske Nemus som betyr hellig skog eller lund. Og inne i denne lunden låg Dianas helligdom der det seinere blei reist eit tempel. Diana er ei urgammel italiensk gudinne med mange aspekt. Eit aspekt er månegudinna. Ho er blir av og til kalla jaktgudinna, men også gudinna for vekst og fruktbarhet. Romerske kvinner skal ha gått i lysprosesjon dei ca. 25 km frå Roma og hit for å delta i Dianas kult. Dei kom hit langs Via Appia og ned langs sideveien Via Virbia som vi enno ser restar av.

Dianas kult

Her ved Nemisjøens bredd blei Diana dyrka gjennom ein kult som på samme tid er fascinerande og grotesk. I dei tidligste tider blei ypperstpresten for Dianakulten kalla Rex Nemorensis (akkurat som Diana sjølv ofte blei kalla Diana Nemorensis) Han var ein rømt slave som hadde komme hit for å bli den nye Rex. For å kunna bli det måtte han først bryta av ei grein på eit hellig tre, før han kunne utfordra den sitjande Rex. Så blei det tvekamp på liv og død, og hvis nykomlingen drepte den gamle, så blei han den nye Rex Nemorensis. Dette er beskreve i ei klassisk bok innen sosialantropologi, The Golden Bough av Sir James George Frazer.

Skipsmuseet

Vi stoppar ved ein raud murbygning som ser ut som eit enormt dobbeltnaust, men som viser seg å vera eit museum. Det som likevel forvirrar oss er navnet: Over inngangen står det "Museo Delle Navi Romane" - eit skipsmuseum her? Vi kjøper billett av tre middelaldrande herrar som passar staden, men som må ha rolige dagar, for vi er nesten dei eineste besøkjande. Så viser det seg at det ganske riktig har vore to skip inne i bygget, men begge brann ned under krigen. Dei var laget av "den galne" keisar Caligula. Kem andre kunne finna på å sjøsetja to havgående skip inne i en liten innsjø? Det eine skipet blei brukt som eit flytende palass, mens det andre var eit flytende tempel til ære for Isis. I dag er fremdeles det eine ”naustet” via ein utstilling om skipa. Den andre delen er via Diana. I ein nedsenka passasje tvers gjennom hallen går det ei brolagt gate som er rester etter Via Virbia som gjekk til Dianas Tempel. Restar av dette tempelet fins også, men for å sjå det må du henvenda deg til vaktane.

Mussolini hever Caligulas skip

Caligulas skip var svære (hhv. 71 og 74 meter lange) og faktisk skal det ikkje ha vore bygd større skip før i renessansen. Dei vart heva i 1932, eller rettare sagt, heile Nemisjøen blei senka ved hjelp av ein gammal romersk tunnell. Dette skjedde under Mussolini som nok følte behov for å sidestilla seg med dei gamle romerske keisarane, og då var det vel bare naturlig at det var Caligula han havna ved sidan av. Skipa blei preservert og museet blei bygd for dette formålet. Men skjebnen ville det slik at dei ikkje skulle få bli der lenge. Den 31 mai 1944 sette flyktande tyske tropper fyr på museet, og dermed gjekk begge skipa tapt. I dag er museet gjenoppbygd og den eine halvdelen er fremdeles via skipa. Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Alle dei gjenstandene som etter kvart har blitt funne etter Dianas kult har no fått ein plass.

Diana i Roma

Nemikulten er ganske sentral i Romas forhistorie. Diana var nemlig skytshelgenen for latinarane, og hennar helligdom var viktig for dei. Albanerfjella var kjerneområdet for latinarane, og ein trur at det var stammer herifrå som flytta nordover til Tiberen og der grunnla byen Roma. Men før Roma reiste seg var det latinarane sitt hovedsete Alba Longa som var senteret. Mytane fortel om ei lang rekke med konger som regjerte herfrå, og som Romulus skal ha stamma frå. Denne byen kan ha vore det som i dag heter Albano, men også Castel Gandolfo der pavens sommerpalass ligg. Då Roma begynte få aukande makt blei Alba Longa ødelagt. Men romarane hadde fremeles behov for latinaranes assistanse. Dermed blei latinerligaen, Lega Latina, oppretta. Dette var eit forbund av dei latinske byene, der også Roma var med. Det blei også reist et tempel for Diana i Roma som blei setet for Lega Latina, og altså svært viktig for den romerske kontrollen over latinerbyane som skapte grobunn for den seinare romerske ekspansjonen.

Ei reise gjennom historien

Ei reise i Italia er også ei historisk reise. Heile området mellom Roma og Nemi er rikt på historie og naturopplevelsar. Og har du tid til overs kan du gjerne besøkja Frascati, Grottaferrata eller Genzano, eller du kan stoppa i Appia Antica regionalpark og rusla ein tur. Denne parken strekkjer seg frå Frattochie og heilt inn til Roma. Den delen som ligg nærast byen heter Valle Caffarella. Her kan du gå på den originale brolegningen på Via Appia, samt besøkja fleire katakomber. Men skal du få med deg alt dette må du nok beregna ein dag til!

Ingen kommentarer: